Eigarskapsmelding

Bakgrunn for utarbeiding av eigarskapsmelding

Dei siste 10 åra har det skjedd ei tredobling i talet på kommunale selskap. Kommunenes Sentralforbund (KS) har på bakgrunn av dette sett auka fokus på kommunane si rolle som samfunnsansvarlege eigarar. KS har peika på at auka selskapsorganisering inneber ei rekkje nye utfordringar for kommunane.

Selskapsorganisering og fristilling inneber at kommunestyret gir slepp på den tradisjonelle rolla med forvaltningsstyring, men politisk er det ikkje i same grad debattert kva den nye rolla skal innebere. Kommunestyret kan ha manglande oversikt og kunnskap om kommunen si selskapsorganisering, og ulike organisasjonsformer kan etter KS si oppfatning ha ført til ei passiv eigarskapsrolle. Kommunane forvaltar store verdiar gjennom sine selskap. For at dei store verdiane skal kunne forvaltast på best mulig måte, er det behov for overordna strategiar og retningslinjer. KS påpeikar at det er viktig at kommunane som eigarar avklarer sin ståstad i forhold til selskapa og definerer sine forventningar. Utøvinga av eigarskapet har direkte konsekvensar for verksemda sine disponeringar og prestasjonar. 

Les eigarskapsmeldinga (PDF, 730 kB) 

Innhaldet i ei eigarskapsmelding  

Målsetting for eigarskapsmeldinga:

  1. Gi kommunestyret ei samla oversikt over Vestnes kommune sine eigarinteresser.
  2. Skape medvit om Vestnes kommunestyre sin eigarstrategi og oppfølgjing av denne.
  3. Gi ei samla oversikt over mulige organisasjonsformer for kommunalt eigarskap 

Eigarstrategi

Vestnes kommunestyre sin eigarstrategi gir retningslinjer for kva kommunen ønskjer med selskapa. Strategien skal legge grunnlag for tydelige retningslinjer til selskapet. Dette skal for framtida gjerast ved å ha eit særleg fokus på eigarstrategi når vedtekter skal utformast eller revurderast.
Det skal også leggast vekt på eigarstrategi når dei ulike selskapa skal rapportere til kommunestyret om drift og resultat. Eigarstrategien vil også gjere at kommunens representantar i dei ulike selskapa kan drøfte eigarstrategi med formannskapet. 

Aktuell situasjon

Eigarskapsmeldinga vart sist godkjent av kommunestyret i sak PS-91/21 den 07.10.2021. Jf. kommuneloven § 26-1 skal kommunen minst ein gong i valperioden utarbeide ei eigarskapsmelding som skal vedtakast av kommunestyret sjølv. 

Oversikt over eigarskap 

(Oversikta er under arbeid)

Aksjeselskap (AS)

Aksjeselskap (AS) blir regulert av Lov om aksjeselskap (aksjelova). Eit aksjeselskap er eit eige rettssubjekt og kan ha ein eller fleire deltakarar. Det viktigaste trekket ved aksjeselskapsforma er at aksjeeigarane ikkje svarar for selskapet sine forpliktingar med anna enn den kapitalen dei har gått inn med (aksjeposten).

Vertskommunesamarbeid

Vertskommunesamarbeid er eigna når to eller fleire kommunar ønsker å samarbeide om lovpålagte oppgåver og utøving av offentleg myndigheit. Det er det to typar samarbeid: administrativt vertskommunesamarbeid (§ 20-2) og vertskommunesamarbeid med felles folkevalt nemnd (§20-3).
Administrativt vertskommunesamarbeid inneber at vertskommunen skal utføre oppgåver og treffe avgjerder etter delegert mynde frå samarbeidskommunane i enkeltsaker som ikkje er av prinsipiell betydning.
Vertskommunesamarbeid medfører at ansvaret for å løyse oppgåver og treffe avgjerder blir overført frå ein kommune til ein annan, men det blir ikkje oppretta noko eige rettssubjekt. Oppgåvene blir samordna i vertskommunen sin organisasjon.

Interkommunalt politisk råd (IPR) og kommunalt oppgåvefellesskap (KO)

Denne type selskapsform kan behandle saker som går på tvers av kommune- eller fylkesgrensene. Selskapet kan ikkje bli gitt mynde til å treffe enkeltvedtak. Likevel kan det bli gitt mynde til å treffe vedtak om interne forhold i samarbeidet og til å forvalte tilskotsordningar.
Den enkelte deltakar har uavgrensa økonomisk ansvar for sin del av selskapet sine forpliktingar.

Interkommunale selskap (IKS)

Interkommunale selskap (IKS) er eigd av fleire kommunar i fellesskap. Eit interkommunalt selskap er eit eige rettssubjekt som rettsleg og økonomisk er skilt frå deltakarkommunane. Eit særtrekk ved interkommunale selskap er at kvar av deltakarane har avgrensa ansvar for selskapet sine forpliktingar, etter ei fordeling nedfelt i selskapsavtalen.
IKS er meint som ein organisasjonsmodell for offentleg oppgåveløysing med eit visst forretningsmessig preg.

Samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak inneber ei samanslutning med hovudformål å fremme medlemmene sine økonomiske interesser ved at desse deltek i føretaket si verksemd enten som forbrukar, leverandørar eller på annan liknande måte. Samvirkeføretak er basert på medlemskap, ikkje eigarskap. Hovudprinsippet er at dei som dreg nytte av verksemda også skal ha styring med den og ta del i eventuelt overskott. Ingen av medlemmane ber personleg ansvar for føretaket sine forpliktingar.

Kontakt

Randi Bergundhaugen
Ordførar
E-post
Telefon 92 01 48 83
Kristian Skålhavn
Kommunedirektør
E-post
Telefon 92 48 33 77

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart