Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunedelplan for naturmangfald - Vestnes kommune

Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunedelplan for naturmangfald - Vestnes kommune

Planutvalet vedtok i møte av 26.10.2022, sak PS-60/22, at det skal utarbeidast ein kommunedelplan for naturmangfald for Vestnes kommune. På bakgrunn av dette varsles oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunedelplan naturmangfald.

Kommunedelplan naturmangfald

 

Plana si hovudmålsetting er å styrke og fremje naturmangfaldet gjennom berekraftig forvaltning og god arealforvaltning. Tapet av biologisk mangfald skal stansast.

Planområde gjeld heile Vestnes kommune.

Medverknad:
Innspel til kommuneplanarbeidet og merknader til planprogrammet skal sendast: 
Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes eller på e-post til postmottak@vestnes.kommune.no

Fristen er sett til 31.12.2022      

 

 

 


Dokument i saka: 

Planprogram (PDF, 2 MB)
Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunedelplan for naturmangfald (PDF, 219 kB)