Kunngjering av kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037 med arealstrategi

Kommunestyret i Vestnes vedtok i politisk sak PS-24/24 den 6. mars 2025 kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037 med arealstrategi. 

Planen erstattar kommuneplanens samfunnsdel 2015 - 2025, vedtatt av kommunestyret den 12.02.2015. 

Kommuneplanen legg grunnlaget for politiske og administrative val og prioriteringar. Det er i kommuneplanen den lokale, langsiktige politikken blir utforma. Den fortel korleis vi ønsker at kommunen skal utvikle seg på lang sikt og korleis vi skal jobbe for å nå måla.

Gjennom kommuneplanen gir kommunestyret ei tydeleg bestilling om korleis dei ønsker at administrasjonen skal arbeide dei neste fire åra. Ei politisk, tydeleg styring over tid vil bidra til at vi når måla våre for framtida. Ei slik tilnærming er berekraftig for økonomien, for sosiale forhold og for å bevare miljø og sikkerheit.

Planen inneheld også ein arealstrategi som skal leggast til grunn ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel og framtidige forslag om regulering og utbygging. Føringar i samfunnsdelen skal vidareførast i arealdelen.

Kommunestyret sitt vedtak kan i medhald av plan- og bygningslovens §11-15 ikkje påklagast.

Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037

Spørsmål eller kommentarar kan du merke kommuneplanens samfunnsdel og sende til Vestnes kommune på e-post eller til kommunalsjef samfunn og samskaping Helene Øvrelid.