Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037

2 Saman om utviklinga i Vestnes kommune

Folk som sit saman i kveldssola - Klikk for stort bilete Eline Karlsdatter Fladseth

 

Om kommuneplanen

Kommuneplanen legg grunnlaget for politiske og administrative val og prioriteringar. Det er i kommuneplanen den lokale, langsiktige politikken blir utforma. Den fortel korleis vi ønsker at kommunen skal utvikle seg på lang sikt og korleis vi skal jobbe for å nå måla.

Gjennom kommuneplanen gir kommunestyret ei tydeleg bestilling om korleis dei ønsker at administrasjonen skal arbeide dei neste fire åra. Ei politisk, tydeleg styring over tid vil bidra til at vi når måla våre for framtida. Ei slik tilnærming er berekraftig for økonomien, for sosiale forhold og for å bevare miljø og sikkerheit.

Planen inneheld også ein arealstrategi som skal leggast til grunn ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel og framtidige forslag om regulering og utbygging. Føringar i samfunnsdelen skal vidareførast i arealdelen.

Om plansystemet og oppfølging av planen

Oppfølging av kommuneplanen sin samfunnsdel skal leggast til grunn for kommunen si planlegging og verksemd. Kommuneplanen skal med andre ord vere grunnlaget for arbeidet med fagplanar og all saksbehandling.

Kommuneplanen er også førande for staten og regionale myndigheiter si verksemd i kommunen.

Planen har eit perspektiv på 12 år, men etter kvar valperiode blir behovet for revidering vurdert. Det nye kommunestyret har då moglegheit til å justere kursen. Dette blir avklart i kommunal planstrategi.

Kommuneplanen blir følgt opp gjennom kommuneplanen sin handlingsdel, som er økonomiplanen. Resultatet av oppfølginga av mål i kommuneplanen blir presentert i årsrapporten.

Illustrasjon som viser kommuneplan som ein overordna plan, mål og strategiar frå kommuneplanen utdypast i delplanar, temaplanar og reguleringsplanar. Konkrete tiltak og prioriteringar kjem i økonomiplan med handlingsdel. Kommunal planstrategi vedtas kvart fjerde år og priorterer planoppgåvene i den neste kommunestyreperioden. - Klikk for stort bileteKorleis planar i kommunen heng saman og påverkar kvarandre. Illustrasjon: Vestnes kommune

 

Om planarbeidet og medverknadsprosessen

I arbeidet med å definere samfunnsmål for Vestnes kommune har vi lagt vekt på å involvere breitt. Dette har vi gjort ved å utfordre politikarar, næringsliv, innbyggarar, organisasjonar og tilsette i kommunen til å komme med innspel til utviklinga av Vestnes-samfunnet. Medverknadsprosessen er lagt ut på kommunen sine heimesider under Ny kommuneplan - Vestnes kommune. Her kan du lese referat frå dialogen og innspela frå møta som er gjennomført.  Etter innspelsrunden blei innspela strukturert og drøfta politisk.

Dei tilsette i Vestnes kommune har gitt konstruktive innspel til korleis kommunen som organisasjon skal utvikle og fornye seg framover.

Blomar som visar medverknadsprosessen - Klikk for stort bileteAlle grupper som har delteke i medverknadsprosessen. Innbyggarar generelt, råd og organisasjonar, grupper som krev tilrettelegging, næringslivet, tilsette og politikarane. Illustrasjon: Vestnes kommune

 

Saman om å nå måla

Dersom vi skal nå felles mål for framtida, er det viktig med forankring, deltaking og involvering frå innbyggarane.

Saman kan innbyggarar, lag og organisasjonar, eldsjeler og næringsliv finne nye og betre løysingar. Gjennom ein open og inkluderande arbeidsprosess vil kommunen få nye idéar og kunnskap om utfordringar og moglegheiter i lokalsamfunnet. 

Involvering og medverking i utviklinga av kommunen vil gi innbyggarane ei kjensle av stoltheit over Vestnes kommune. Eigarskap og stoltheit er også viktig for å rekruttere, behalde og få ungdom til å flytte tilbake. 

Folk som samarbeider på Frivillig Forum 2024 - Klikk for stort bileteKaféborddialog på Frivilligforum 2024. Gruppene kom med mange gode innspel til kommuneplanen. Vestnes kommune