Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037

9 Langsiktig arealstrategi

Arealstrategien tek utgangspunkt i mål og strategiar frå samfunnsdelen og er kommunens overordna prinsipp for framtidig arealutvikling. Strategien skal sørge for at kommunens arealbruk er i tråd med nasjonale og regionale føringar og gi kommunen betre politisk styring over arealbruken. Strategien bidreg til å gjere arbeidet med arealdelen meir føreseieleg.

Kommuneplanen sine samfunnsmål:

  • Vi har eit inkluderande lokalsamfunn som fremmer trivsel, meistring og god folkehelse i alle fasar i livet.
  • Vi har ein framtidsretta bustadpolitikk og eit variert og konkurransedyktig næringsliv og kulturliv som fremmer bulyst og arbeidsdeltaking for alle grupper av befolkninga.
  • Vi sikrar trygge lokalsamfunn og eit robust livsgrunnlag ved å ta vare på naturen og dei ressursane og tenestene den gir oss.

Nasjonale føringar

Regionale føringar 

Overordna prinsipp for arealplanlegging i Vestnes kommune

  1. Revurdere utbyggingsreserve avsett i gjeldande kommuneplan og eldre reguleringsplanar som ikkje lenger er i tråd med nasjonal arealpolitikk, regionale føringar eller ønska utvikling av areal og samfunn.
  2. Ha eit variert bustadtilbod og ledige tomter i alle bygdesentra, men prioritere transformasjon og fortetting.
  3. Prioritere varierte, trygge og aldersvenlege bumiljø med gode løysingar for kollektivtransport, gange og sykkel.
  4. Sikre alle bustadområde tilgang til natur- og friluftsområde og arbeide for å binde saman eit nett av turvegar i kommunen.
  5. Stille krav til variasjon i bustadtypar og storleikar ved større utbyggingar.
  6. Sikre kulturminne og kulturmiljø for å ta vare på stadskvalitet, identitet og særpreg.
  7. Sikre etablering av møteplassar i samband med større utbyggingsprosjekt og publikumsbygg.
  8. Vestnes sentrum er prioritert handelssentrum, kollektivknutepunkt og sosial møteplass. Planlegging skal legge til rette for ein kombinasjon av arbeidsplassar, bustader, servicetilbod og handel i sentrumskjernen.
  9. Ivareta og vidareutvikle etablerte næringsområde.
  10. Legge til rette for næringsareal knytt til hovudvegnettet og traséar for kollektivtransport.
  11. Sikre kommunal infrastruktur og legge til rette for utvikling av gode kommunikasjonsmoglegheiter til byane.
  12. Sikre parkering ved viktige kollektivknutepunkt.
  13. Sikre areal til berekraftig utvikling av landbruk, skogbruk og havbruk.
  14. Verne om areal som er viktige for friluftsliv og naturmangfald, samt karbonrike areal, slik at kvalitet og evne til karbonlagring, klimatilpassing og andre økosystemtenester oppretthaldast.
  15. Sikre at spreidd busetnad ikkje punkterer samanhengande grøntområde, landbruksområde eller blågrøne korridorar.
  16. Sikre areal til blågrøne strukturar i utviklinga av nye og eksisterande bumiljø for å motverke flaum og skadar knytt til overvatn.
Prinsippkart som viser hovedfartsårer til lands og til sjøs. Fortettingsakse mellom Vikebukt via Helland til Vik i Tomrefjorden. Prioritert sentrum og bygdesentra.  Viktige landbruk, natur og fritidsområder er markert. - Klikk for stort bileteTegnforklaring til prinsippkartet - Klikk for stort bilete

 

Syklist på sti i Kråkvika friluftsområde - Klikk for stort bilete Zbigniew «Ziggi» Wantuch