Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037

8 Kommunen som organisasjon

Hovudmål 5: Vestnes kommune er ein inkluderande og nyskapande organisasjon med målretta styring.

Samarbeid for å nå måla. Bilete av hender so millustrerer samarbeid. Oppå bilete er ein grafisk framstilling av kommunen sine satsingsområder.  - Klikk for stort bilete


Kommunen er ein politisk organisasjonsom skal løyse eit breitt spekter av oppgåver innanfor ulike fag og ansvarsområde. Kommunen har ansvar for viktige velferdstenester for våre innbyggarar og skal vere ein demokratisk arena for myndigheitsutøving og samfunnsutvikling. Desse oppgåvene må utviklast i takt med endringar i lokalsamfunnet. Det krev at dei tilsette og organisasjonen har evne til å ta til seg ny kunnskap og nye metodar for oppgåveløysing og tenesteutvikling.

I åra som kjem vil hovudutfordringa vere å skaffe tilstrekkeleg arbeidskraft og rett kompetanse. Kommunen må derfor ta del i utviklinga av ny teknologi som kan hjelpe oss å løyse oppgåver på ein betre og meir effektiv måte. Vestnes kommune skal ha eit godt arbeidsmiljø og skape eit omdømme som ein attraktiv arbeidsgivar der tilsette har moglegheit til å utvikle og utfordre seg.
Kommunen har over tid hatt ein stram økonomisk situasjon. Vi må jobbe for å få ein økonomi som gir oss handlingsrom til å utvikle Vestnes- samfunnet og tilby gode tenester til innbyggarane våre.

Dei tilsette har gitt konstruktive innspel til korleis kommunen som organisasjon må utvikle seg framover. I det daglege arbeidet ønsker dei tilsette at verdiane inkluderande og nyskapande skal legge føringar på korleis vi løyser våre oppgåver. I arbeidet med å løyse komplekse oppgåver må vi bli eit lag der vi heile tida utviklar oss saman. Vi må nytte ressursane til dei tilsette og løyse oppgåver i fellesskap. Vi må arbeide for at vi får ein “vi-kultur” med engasjement og stoltheit. Den digitale transformasjonen krev at vi stadig fornyar oss og har evne til å ta til oss ny kunnskap. Vi må våge å tenke nytt for å løyse utfordringane som kjem.

Slik vil vi ha det (delmål):

4. 1. Vestnes kommune har eit omdømme som ein open og inkluderande organisasjon. “Vi er Vestnes kommune”

Slik gjer vi det (strategiar):

  • a) Vi legg til rette for inkluderande arbeidsliv og likestilling og tilbyr lærling- og praksisplassar.
  • b) Vi inkluderer tilsette i prosessar og samarbeider nært med vernetenesta og tillitsvalte.
  • c) Vi arbeider målretta for å sikre nærvær, fremme trivsel og arbeidsstoltheit.
  • d) Vi arbeider for å fremme politisk forankring, informasjonsflyt, heilskapleg tenking og kunnskapsdeling.
  • e) Vi samskaper på tvers av organisasjonen, frivilligheita, næringsliv og andre eksterne samarbeidspartar.

Slik vil vi ha det (delmål):

4.2. Vestnes er ein nyskapande organisasjon som sikrar framtidsretta tenester av høy kvalitet.

Slik gjer vi det (strategiar):

  • a) Vi skal fremme ein kunnskapsbasert og nytenkande tilnærming til korleis vi utfører dei kommunale tenestene. 
  • b) Vi arbeider for å rekruttere og behalde kompetente tilsette. 
  • c) Vi sikrar felles forståing og forplikting av korleis ei heilskapleg, synleg og strategisk leiing utøvast. 
  • d) Vi vil sikre kompetanseutvikling og nytte kompetansen til dei tilsette slik at ressursane blir nytta optimalt.

Slik vil vi ha det (delmål):

4.3. Vestnes kommune har ein berekraftig økonomi som sikrar eit godt tenestetilbod, der vi har moglegheit for å investere for
framtida.

Slik gjer vi det (strategiar):

  • a) Det er ei direkte kopling mellom samfunnsdelen og økonomiplanen, og samfunnsdelen blir lagt til grunn for planlegging i dei ulike kommunalområda.
  • b) Vi skal utvikle eit berekraftig tenestetilbod for å ivareta eit økonomisk handlingsrom.
  • c) Vi sikrar berekraftig økonomisk utvikling og handlingsrom gjennom god økonomisk planlegging og styring. 
  • d) Vi arbeider for at alle leiarar skal ha naudsynt kompetanse for å sikre god økonomistyring.