Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2037

5 Gode kvardagsliv

Hovudmål 1: 

Vi har eit inkluderande lokalsamfunn som fremmer trivsel, meistring og god folkehelse i alle fasar i livet.

Personar på tur over gamlebrua - Klikk for stort bilete Eline Karlsdatter Fladseth

I Vestnes har vi eit levande kulturliv med eit mangfald av lag og organisasjonar. Kulturaktørar frå kommunen vår gjer seg bemerka nasjonalt, og vi har det mest besøkte biblioteket i fylket. Dei kommunale kulturinstitusjonane, som frivilligsentral, kulturskule, bibliotek og ungdomsklubb, har lange tradisjonar for å samarbeide med ideelle lag og organisasjonar for å skape gode tilbod for innbyggarane.

Kultur bind oss saman og gir oss identitet og er ei kjelde til kreativitet, fellesskap og livsglede. Gjennom heile livet har vi behov for å kjenne oss inkludert og å oppleve meistring. Forsking viser at deltaking i kunst- og kulturaktivitetar kan bidra til auka livskvalitet og forbetre mental helse og velvære.

Frivilligheita har ei viktig oppgåve i samfunnet samstundes som den bidreg til inkludering og trivsel. Dette fordi frivillig engasjement handlar om at vi gjer noko aktivt og meiningsfylt saman og at dette i seg sjølv gir god folkehelse. Likevel kan vi oppleve at det er utfordrande å rekruttere stabile ressurspersonar til frivilligheita.

Voksne som spelar musikkinstrument - Klikk for stort bilete Zbigniew «Ziggi» Wantuch

Vestnes kommune har gode føresetnader for eit godt oppvekstmiljø med nærleik til naturen, gode fritidstilbod og eit trygt lokalmiljø. Likevel slit vi, som andre kommunar, med ein del utfordringar blant barn og unge. Dette gjeld spesielt psykiske helseutfordringar, låg trivsel, dårlege skuleresultat og høgt fråfall i vidaregåande skule. I tillegg viser statistikken at mange unge vaksne verken er i skule eller i arbeid. Desse utfordringane krev at vi arbeider med førebygging, meistring og trivsel.

I dag manglar vi helsepersonell, og denne utfordringa vil bli forsterka framover. Vi lever lenger, samstundes som det blir færre i yrkesaktiv alder til å ta hand om pleietrengande. Utviklinga dreg opp utgiftene til pensjonar og helse- og omsorgstenester. Dette krev mellom anna at vi arbeider med førebygging, og at vi utviklar effektive og gode tenester.

Innspela til kommuneplanen viser at uformelle møteplassar og arenaer for leik, aktivitet og friluftsliv er svært viktig for innbyggarane. Dette er stader som bidreg til auka fysisk aktivitet, kontakt mellom folk og meistringsopplevingar uavhengig av sosial tilhøyrsel og alder. I innspela blir det også peika på at samarbeid er viktig for fellesskap og eit inkluderande lokalsamfunn der born får ein god oppvekst og vaksne trivst.  Deltaking i kulturelle aktivitetar bør bli ei reell moglegheit for heile befolkninga, uavhengig av sosioøkonomiske levekår.

Slik vil vi ha det (delmål):

1.1. Vestnes kommune skal i samarbeid med innbyggarane tilby tenester der førebygging og eigenmeistring er vektlagt.

Slik gjer vi det (strategiar): 

  • a) Vi skal sørge for tydeleg kommunikasjon av kommunen sitt tilbod og avstemme innbyggjarane sine forventningar til tenestene.
  • b) Vi skal legge til rette for at innbyggarane tek ei aktiv rolle i eige liv for å førebygge einsemd, utryggheit og behov for tenester.
  • c) Vi skal fremme god fysisk og psykisk helse gjennom å prioritere førebyggande arbeid og tidleg innsats.
  • d) Vi skal sørge for eit inkluderande samfunn gjennom aktivitet og arbeid.
  • e) Vi skal legge til rette for at innbyggarane kan bu i eigen heim så lenge som mogleg.
  • f) Vi skal arbeide for å få med eksterne samarbeidspartnarar for å løyse framtidig ressursmangel.

Slik vil vi ha det (delmål):

1.2. I Vestnes har vi eit trygt og inkluderande bu- og oppvekstmiljø som fremmer trivsel, læring og meistring.

Slik gjer vi det (strategiar): 

  • a) Vi skal styrke og vidareutvikle tverrfagleg samarbeid knytt til laga rundt barna og forebygge omsorgsvikt og åtferdsproblem gjennom tidleg innsats i barnehage og skule.
  • b) Vi skal gi tilpassa opplæring til alle elevar ut frå deira føresetnader og individuelt tilpassa opplæring for dei som har særskilt behov for det.
  • c) Vi skal legge til rette for eit inkluderande barnehage- og skulemiljø som skaper trivsel og trygge miljø, og som hindrar mobbing og utanforskap. 
  • d) Vi skal involvere barn, unge, lag og organisasjonar i utviklinga av oppvekstmiljøet.
  • e) Vi skal legge til rette for godt samarbeid med barn, elevar og føresette i skular og barnehagar. 
  • f) Vi skal jobbe for at ungdom i Vestnes kjem ut av grunnskulen med minst like gode resultat som landsgjennomsnittet.

Slik vil vi ha det (delmål):

1.3. I Vestnes har vi eit blomstrande kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar som fremmer deltaking og aktivitet.

Slik gjer vi det (strategiar):

  • a) Vi legg til rette for universelt utforma grøntområde og eit nettverk av turstiar som fremmer trivsel, aktivitet og folkehelse.
  • b) Vi støttar opp om møteplassar og arrangement som fremmer deltaking, opplevingar og samhald for alle grupper av befolkninga.
  • c) Vi gir alle innbyggarar moglegheit til å delta i kulturaktivitetar og å oppleve eit mangfald av kulturuttrykk.
  • d) Vi skal aktivt invitere innbyggarar inn i lag og organisasjonar for å styrke frivilligheita, og for å motverke einsemd og utanforskap.
Barn som leikar ute - Klikk for stort bilete Zbigniew «Ziggi» Wantuch