Gardstunet barnehage

Gardstunet barnehage ligg i naturskjønne omgivnadar på Vik gard med skogen og fjøra tett på.

På barnehagen sitt uteområde har vi ein liten minifjøs med høner og kaninar samt eit drivhus og vår eigen grønsakhage som vi kallar «Drømmehagen». Vi har og mange frukt- og bærtre rundt om på uteområdet vårt.

Barna tek del i stell og mating av dyra. Dei lærer om og deltek i dyrking, og når det er tid for innhausting vert det laga mykje godt av det dei har dyrka fram. 

På låveloftet har vi ulike aktivitetar saman med barna, alt frå samlingsstund og formingsaktivitetar og i Desember vert låven forvandla til ein magisk julelåve.

Vi har eit flott uteområde med leikeapparat som invitera til fysiske utfordringar som passar alle barn. Vi har fine turmoglegheiter til skog og fjøre og ein gapahuk vi nyttar oss av. I tillegg har me tilgang til Idrettshall og førskulegruppa får tilbod om vasstilvenning i symjehallen.

Barnehagen har eit nært samarbeid til Tomrefjord skule i høve overgang frå barnehage til skule. Meir utfyllande informasjon finn du i vår Lokale plan for overgang mellom barnehagen og skule.

Barnehagen sine aktivitetar vert planlagt ut frå viktige styringsdokument som Rammeplanen for barnehagenLov om barnehagar og barnehagen har sin eigen årsplan. Aktivitet/ innhald kjem fram av eigne planar og dokumentasjon frå den aktuelle avdelinga.  

Vår visjon

«EIN GOD STAD Å VÆRE – LEIKE OG LÆRE»

Organisering

Barnehagen har to avdelingar, Blåmann for barn 1-3 år og Litago for barn 3-6 år.

Barnehagen er godkjent for 42 plassar.

Dokument

 

Slik har vi det 

Kontakt

Gardstunet barnehage

Avdeling Litago (storbarn): 901 96 542
Ped. leiar: Rebecca Vik Vasseli rebecca.vasseli@vestnes.kommune.no
Avdeling Blåmann (småbarn): 902 31 522 
Ped leiar: Lene Marie Otterlei lene.otterlei@vestnes.kommune.no

Lise Grønningsæter
Einingsleiar
E-post
Telefon 90 72 09 11

Opningstider

Kvardagar: 06:45 - 16:30

Adresse

Besøksadresse

Nedre Vikvegen 19
6393 Tomrefjord

Kart