Organisering
Barnehagen har 8 avdelingar med maksimum 126 plassar, fordelt på bygga:
- Helland barnehage øvre: 2 småbarnsavdelingar og 2 storbarnsavdelingar
- Helland barnehage nedre: 2 småbarnsavdelingar og 2 storbarnsavdelingar
Småbarnsavdelingane har frå 9 - 12 barn og storbarnsavdelingane har frå 18 – 24 barn.
Nærmiljø
Barnehagen har eit variert nærmiljø, og vi brukar skogen, fjøra og idrettsparken flittigt. Vi har også opparbeidd ein eigen utebase nær Flatevågen som vi kallar barnehageskogen, med gapahuk og grill. Dei eldste barna får eit tilbod om vanntilvenning i varmtvannsbassenget på Myra.
Visjon
Helland barnehage – ein barnehage til barnet sitt beste.
Helland barnehage ønskjer å vere med på å gi barna ein god barndom. Gi barna opplevingar som står att som lyspunkt for dei i etterkant; barna skal glede seg til å kome i barnehagen. Barnehagen skal vere ein trygg og god stad, der barn skal få støtte til å meistre motgang og handtere utfordringar. Vi ønskjer å gi tid og rom for leiken, og gjennom den legge til rette for utvikling av vennskap med andre barn.
Barna skal møte varme og gode vaksne, som er tilstades for barna og som alltid søker ei forståing for barneperspektivet.
Kontaktinformasjon til avdelingane
Dokument
Ofte stilte spørsmål
Praktisk informasjon (PDF, 42 kB)
Tilvenningsordning (PDF, 81 kB)
Utstyrsliste (PDF, 108 kB)
Retningslinjer for når barn er sjuke eller har vore sjuk (PDF, 35 kB)