Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Visjon

Visjon

I kommuneplanen sin samfunnsdel er “Vestnes – midt i blinken” stadfesta som kommunen sitt ønska framtidsbilete, vår visjon.

Ein visjon kan definerast som eit bilete av ein framtidig, ønska tilstand.

”Midt i blinken” kan sjåast som ein reint faktisk geografisk fordel, midt i fylket.

  1. Den sentrale geografiske posisjonen gjer Vestnes til eit naturleg val både for busetting og nyetableringar i næringslivet.

”Midt i blinken” kan også sjåast i meir overført tyding:

  1. Det er ”midt i blinken” å etablere næring i kommunen. Vestnes kommune er ein aktiv medspelar overfor næringslivet.
  2. Det er “midt i blinken” å bu og leve i Vestnes med rikt kulturliv og gode tenester som er treffsikre i kvalitet og innhald.
  3. Vestnes kommune er “midt i blinken” for alle som er glade i natur- og friluftsliv. Kommunen legg til rette for eit aktivt friluftsliv med lett tilgjengelege naturområde. Dette er eit viktig bidrag til kommunens folkehelsearbeid. 5. Vestnes er “midt i blinken” som arbeidsgjevar og er ein serviceinnstilt, løysingsorientert og imøtekomande kommune.

Kontaktinformasjon

Vestnes kommune
E-post
Telefon 71 18 40 00