Kommunen sitt arbeid med universell utforming av IKT

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke vestnes.kommune.no. Derfor arbeider vi kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og nyttar relevante standardar for tilgjengeligheit.

Kort fortalt

  • Viktige  grunnsteinar i vårt nettarbeid er:
    • god kommunikasjon
    • klart språk
    • universell utforming

Tiltak for å støtte tilgjengeligheit

Vi skal:

Dette jobbar vi med

Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:

  • Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.
  • Når vi bruker bilde og grafikk skal vi sjå til at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
  • Når vi bruker video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også komme fram i form av tekst.

Slik arbeider vi med dette: 

  • Alle som publiserer på vestnes.kommune.no får jamleg opplæring og rettleiing i korleis skrive for nett.
  • Gjennom jamleg testing avdekker vi og rettar opp i avvik, slik at brukaropplevinga blir best mogleg. Vi nytter mellom anna testverkøyet Monsido til dette. 

Dette prioriterer vi i 2023: 

  • For informasjon som må være tilgjengeleg i pdf-format vil vi gjere nødvendige tiltak for å tilpasse dei til krava om universell utforming. 
  • Vi skal digitalisere skjema som ikkje må være i pdf-format.
  • Vi vil sikre universell utforming ved valg av tredjepartsløysingar og utvikling av eksisterande løysingar.

Sei ifrå om manglande tilgjengeligheit

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer at det vanskeleg å forstå? Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelighet!

Skriv til oss på epost postmottak@vestnes.kommune.no eller ring oss på telefon 71184000.

Tilgjengelegheitserklæring

Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei eiga tilgjengelegheitserklæring.

Les tilgjengelegheitserklæringa vår her

Kontakt

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 92 02 79 39
Silje Beate Sylte
Konsulent arkiv
E-post
Telefon 95 09 33 06
Reidun Beathe Bjølverud
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 24 12 12

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart