Ordførarkjedet

Bildet viser ordførarkjede som er sett saman av 12 runde plater og 11 kvadratiske plater og kommunevåpet, til saman symboliserer dette Vestnes som kommune. - Klikk for stort bilete

 

Alle har vi sett det – ordføraren med eit stasleg smykke rundt halsen. Men kva er historia bak sjølve ordførerkjedet?

Tradisjonen med at ordføraren bær eit dekorativt ordførarkjede som synleg teikn på sin autoritet når han/hun representerer kommunen, er relativt ny. Oslo sitt ordførerkjede var Norges første. Kjedet ble gitt i gåve frå alle bystyra sine parti i samband med byen sitt 900-årsjubileum i 1950.

Historia bak ordførarkjedet

Historia til ordførarkjedet i Vestnes er henta frå ein artikkel av Per Bjørn Ellingseter i Vestnes Sogelag si tidsskrift frå 2016. Heile artikkelen er gjengitt her: 

Jarle Skuseth (1925-1998) var i ei årrekkje lærar og rektor ved Helland skule. Han hadde særlege anlegg og stor interesse for dei praktisk/estetiske faga.

Han fekk etter kvart stor interesse for heraldikk, og den interessa utvikla han så langt at han laga kommunevåpen til heile 17 kommunar i Møre og Romsdal, samt to kommunar utanfor fylket, Tolga og Sel. Han utforma også seglet til Møre bispedømme då det vart oppretta i 1983.

Kommunereforma som pågår no, vil sikkert endre kommunekartet. Det er difor særleg aktuelt å ta fram i lyset denne spesielle delen av kommunane si historie. Det får vi komme tilbake til eit seinare år.

I 1979 fekk Vestnes kommune sitt ordførarkjede, teikna og formgjeve av Jarle Skuseth. Arbeidet med kjedet vart utført av gullsmed Leif Lindin (1929-2002), etter Skuseth sine teikningar (PDF, 103 kB).

I eit notat frå september 1989 gjorde Skuseth greie for tankane bak utforminga av kjedet.

Kjedet er sett saman av 12 runde plater og 11 kvadratiske plater. Skuseth forklarer dette slik:

Runde plater med bumerke:
Desse platene får tankane til å gå bakover til dei som budde og bygde i kommunen i eldre tider. Her er bumerke frå alle noverande krinsar i kommunen. Det vart lagt meir vekt på at merka skulle vere dekorative enn at dei høyrde til på betydningsfulle gardar.

Kvadratiske plater:
Eg prøvde her først å lage ei plate for kvar krins, men gjekk bort frå dette. I staden laga eg “aktivitetsplater”, som fortel om ulike aktivitetar før og no.

Gamlebrua:
Eit moderne kommunevåpen skal ikkje ha krone over seg. I ordførarkjedet tener gamlebrua som sambindingsmotiv/skjoldkrone. Det er mykje fin symbolikk i brumotivet.

Skuseth sine kommentarar til kvart av elementa i kjedet:

Dei runde platene

11 av dei 12 runde platene er dekorerte med gamle bumerke. 9 av dei representerer, som vi ser, dei gamle skulekrinsane i kommunen. Dei tolvte runde plata er dekorert med eit skogbruksmotiv, utforma av Leif Lindin:

Til v.: Rekdal, gnr. 78/1 “Kristengarden” (Knut Hansson, brukar 1697-1731)

Til h.: Rekdal, gnr. 78/14 “Rekdalsbakken” (Hanibal Olson, brukar 1700-1722)

Til v.: Nakken nedre, gnr. 76/8 (Haldor Amundson, brukar 1704-1739)

Til h. : Fiksdal, bnr. 72/10 “Hansgarden”

Til v.: Lid, gnr. 63/10 “Trondgarden” (Nils Pederson, brukar 1751-1790)

Til h.: Frostad øvre, gnr. 70/3 “Hauan” (Gunnar Rasmussen, brukar 1736-1775)

Øvst: Øverås, gnr. 56/3 “Andersgarden” (Anders Hanson, brukar 1749-1777)

Nedst: Leirvåg, gnr. 55/1 (Christen Christenson, brukar av halve garden 1736-1763)

Til v.: Helland øvre, gnr. 46/5 “Myra” (Rasmus Olson, brukar 1733-1768)

Til h.: Brukt på ein gravstein for Vestnesgarden 1601 (fut Jacob Pedersen)

Til v.: Kristiseter, bnr. 31/3 “Steinagarden” (Knut Olson, brukar 1678-1731)

Til h.: Kristiseter, bnr. 31/2 “Frammi garden” (Kristoffer Kristofferson, brukar 1702-1721)

Kristiseter, bnr. 31/2 “Frammi garden” (Lars Larsson, brukar 1650-1702)

Til v.: Sør-Sylte (Rasmus Justson)

Til h.: Kyrkje-Sylte, gnr. 13/3 “Madsgarden” (Elling Madsson, brukar 1678-1720)

Til v.: Daugstad, gnr. 5/6 “Johangarden” (Sjur Olson, brukar 1711)

Til h.: Villa, gnr. 4/8 “Larsgarden” (Jakob Jakobsen, brukar 1749-1768)

Til v.: Helset, gnr. 1/1 (Peder Jonson, brukar 1651)

Til h.: Bjermeland, gnr. 26/1 “Pe-Larsgarden” (Olaf Iverson, brukar 1610-1657)

Til v.: Vike indre, gnr. 37/3 “Vikehaugen” (Sjur Pederson, brukar 1695)

Til h.: Vike ytre, gnr.36 /4 “Mortengarden” (Anders Olson, brukar 1687-1719)

Skogbruksmotiv, utforma av Leif Lindin

Dei firkanta platene

Mellom plate nr. 11 og kommunevåpenet er det ei rund plate med eit “vekstsymbol”. “Det kan også vere spanta i ein båt/båtbygging”, skriv Skuseth.

Vekstsymbol.
Symbol for omsorg. Hellandheimen, Helseheimen, Åslia o.a.
Skog, trelast, skipstømmer, industri.
Jordbruk. Landbruksskulen.
Idrett.
Småbåtbygging.
Kulturtradisjonar.
Jordbrukstradisjonar. Fortidsminnevern.
Tresfjord kyrkje. Kristenliv, skule, kultur.
Skipsbygging.
Musikk før og no.
Konfeksjon.

 

“Avdukinga” av ordførarkjedet

 

Ordførarkjedet vart offisielt overlevert og teke i bruk under eit kommunestyremøte på Ørskogfjell hotell 28. desember 1979. Den gongen var det vanleg at kommunestyret hadde budsjettmøtet sitt i romjula, og det vart gjerne runda av med eit festmåltid. I samband med dette vart kjedet overlevert. Kommunestyrerepresentant Grete Tjelle (KrF) var ein av initiativtakarane til at kommunen skulle få ordførarkjede. Til musikk av ei messinggruppe frå Vestnes musikklag vart kjedet presentert ved ein høgtideleg seremoni leia av Grete Tjelle, og det vart teke i bruk av dåverande ordførar Torgeir Stene (V). Dette var elles første og siste gongen Stene fekk bruke kjedet. Både ordførarklubba og kjedet vart same kvelden overlevert til Ole S. Øveraas, som då kom inn som nyvald ordførar.

 

 

 

 

Etter at ordførarkjedet vart teke i bruk, har desse ordførarane fram til no kunna pryde seg med det:

Ole S. Øveraas (1980)  
Georg Balstad (1981-1985)  
Alf Johan Hustad (1986-1987)  
Petter Inge Bergheim (1988-1999)  
Roald Fiksdal (1999-2003)  
Knut Flølo (2003-2007)  
Øyvind Uren (2007-2011)  
Geir Inge Lien (2011-2021)
Randi Bergundhaugen (2021-