Offentleg postjournal

Innsyn, saksbehandlingstid og klage

Postjournal 

Offentleg journal/postjournalen inneheld ei oversikt over post sendt til og frå kommunen. 

Den publiserte journalen viser arkivdelane Eigedom, Møtedokument, Plan og Saksarkiv. Arkivdelar med personinnhald som f.eks. Elev og Personal og arkivdel for Eigedomsskatt, som er ein del av sak/arkivsystemet, er ikkje med på journalen. Ønskjer du innsyn i desse journalane kan du kontakte Vestnes kommune v/postmottak.

Vestnes kommune sin offentlege journal inneheld inngåande og utgåande dokument. Postlista er tilgjengeleg 1 dag etter postføring. 

Innsyn i saker publisert på postjournalen

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register.  Alle saksdokument i kommunen er offentlege om det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov.  Sjølv om eit dokument kan takast unna frå offentlegheita, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør bli gjort kjent, heilt eller delvis, jf. Offentleglova § 11. 

Lenke til postjournalen 

Større openheit og enklare innsyn i kommunen sine aktivitetar, er ein styrke for lokaldemokratiet. I følgje offentleglova § 28 kan krav om innsyn rettast munnleg så vel som skriftleg til Vestnes kommune. Kravet bør likevel vere retta mot ei bestemt sak eller ein spesifikk type saker. 

Kven kan du kontakte om innsyn i saker publisert på postlista? 

Du kan kontakte Vestnes kommune om du har spørsmål om innsyn i saker eller du kan be om innsyn direkte frå det aktuelle dokumentet frå postlista. For innsyn i dokument før 01.01.20 kontakt arkivet på epost.

Saksbehandlingstid

Krav om innsyn vil normalt bli behandla i løpet av 3 arbeidsdagar. Om svar ikkje er motteke i løpet av 5 arbeidsdagar, er dette å rekne som eit avslag. Ønskjer du å sende klage kan den sendast til Vestnes kommune som behandlar den på nytt. Om det igjen blir gjeve avslag videresender kommunen klagen og grunngjeving for avslaget til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Avslag/klage

Eit direkte avslag på krav om innsyn vil komme skriftleg og vil vise til aktuell heimel i lov eller forskrift for avslaget, samt opplysning om 3 veker klagefrist, jf. forvaltningsloven § 29. Sjølve klageprosessen er nærare omtalt i offentleglova §§ 31 og 32. 

All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje er omfatta av teieplikt. All post kjem på offentleg postjournal. Det vil seie at du kan finne ditt brev omtalt, sitert eller heilt eller delvis attgjeve i avisa eller på nyheitene. 

E-post er ingen trygg sendemåte. Send difor ikkje sensistive opplysningar i e-post. Den kan bli henta av andre før den kjem fram til mottakar, hamne på feil adresse eller anna. Du kan lese meir om sikker sending av post til Vestnes kommune her. 

Utval - Politiske saker til behandling 

Publikum får tilgang til møteplan for styre, råd og utval. Der ligg møteinnkallinga og møteprotokoll med tilhøyrande saksframlegg med ev. vedlegg. NB: Komplett møteinnkalling vil ofte vere store dokument som kan vere tunge å laste ned.

Lenke til politiske saker

Kontakt

Heidi Remen
Fagleiar dokumentasjonsforvaltning
E-post
Telefon 90 12 30 50
Silje Beate Sylte
Politisk sekretær/Konsulent arkiv
E-post
Telefon 95 09 33 06

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart