Leigesatsar skulebygg

I skulelokaler og idrettsbygg vert det praktisert gratis leige til ikkje-økonomisk aktivitet for barn i regi av frivillige lag og organisasjonar. Gratisordninga gjeld ikkje symjebassenga. Det er elles eit ønske at aktiviteten skal skje i tråd med ein fast halvårsplan etter utlysing/søknad/avtale.

Gjennom tidligare politiske vedtak går det fram at målet med gratis eller redusert leige er å auke aktivitetstilbodet for barn og unge. Vaksne brukarar skal ikkje automatisk ha slik gratis leige for å drive eigenorganisert fritidsaktivitet. Driftsleiarar/ansvarlege utleigarar har høve til å utøve skjønn.

Leigesatsar skulebygg

Frivillige lag/organisasjonar har ved skulebygga leigefritak til ikkje-økonomiske aktivitetar både på kvardag og helg. Det gis ikkje leigefritak ved arrangement som i regi av lag/organisasjonar gjev vesentlege inntekter (konsertar, sal, basar o.l.)

Det er ønskeleg at leige av lokaler skjer etter ein fast plan.

Aktivitetar skal som hovudregel vere avslutta innan kl. 21:00.

Frå næringsliv/private skal det betalast dobbelt leige når aktiviteten er på helg eller helgedag (driftsleiar avgjer kva rom som kan leigast ut på helg/helgedag).

Leigetakar utfører sjølv reinhaldet etter endt aktivitet. Leigetakar sørger for rydding og fjerning av søppel etter endt bruk.