Krav om EHF-format for fakturaKrev du betaling frå Vestnes kommune, må det gjerast via faktura i EHF-format til vårt aksesspunkt. Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnr. : 939 901 965 og vårt aksesspunkt er Visma Dette gjev ei rekke fordelar for begge partar Raskare betaling – postgang og manuelle rutinar blir eliminert Innsparing i form av papir, porto og automatiserte rutinar Risikoen for feil blir redusert (feil tasting og/eller tolkning ved skanning) Sjå rettleiing som kort beskriv dei ulike valmulegheitene du har for å kome i gang med EHF-fakturering Merk Faktura skal vere påført eit 4-siffera ansvarsnummer som referanse. Dei 4 siffera skal stå aleine i fakturafeltet «AccountingCost» (obligatorisk EHF-felt). Oversikt over kommunen sine driftseiningar og ansvarsnummer (PDF, 178 kB) Bestillar sitt namn og/eller eining skal kome fram på fakturaen. Faktura sendt via epost reknast ikkje som elektronisk faktura og vert ikkje godteke Mangelfulle fakturaer (innhald, kvalitet og merking) vil bli returnert til leverandør Ev. vedlegg må følgje fakturaen i EHF Betalingsvilkår Vestnes kommune har som standard betalingsvilkår 30 dagar frå fakturadato. Sist endra 16.02.2022 07.10