Stemmerett og manntal

Du må ha stemmerett og stå innført i manntalet for å kunne stemme.

Du har stemmerett ved stortingsvalget dersom du oppfyller desse vilkåra:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • Er, eller har vore, registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg
     

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og medlemmar av deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfylle busettingkriteria.

Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. Du blir automatisk registreret i manntalet i den kommunen du er folkeregistret som busett per 30. juni 2025. Denne datoen blir kalla for skjeringsdatoen.

Dersom du har flytta, og ønskjer stemmerett i den nye kommunen, må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni.

Dersom du flyttar etter 30. juni, har du stemmerett i kommunen du flyttar frå.

Er du ny statsborgar?

Som ny statsborgar med stemmerett blir du ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert som busett i.

Dette gjeld også dersom du har blitt ny statsborger etter skjeringsdatoen 30. juni.

Bor du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra,  blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Har du vore busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett.

Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntalet i kommunen du sist var registrert som busett i når du stemmer. Det er ikkje lenger nødvendig med eigen søknad som tidlegare.  

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og medlemmar av dira husstand, som aldri har vore registrert som busett i Noreg, blir ført inn i manntalet i Oslo kommune.

Sjekk om du står i manntalet

Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntallet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har stemmerett) i den kommunen du flytta frå.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn rundt 10. juli. Da kan du som veljar kontrollere eigne opplysningar og eventuelt klage dersom det er feil i manntalet.

Manntalet ligg ute til offentlig ettersyn på følgjande stader i Vestnes kommune:

  • Servicekontoret - rådhuset
  • Vestnes bibliotek - Helsehuset Stella Maris

Manntalet blir liggende ute til og med valdagen 8. september. 

Feil i manntalet? 

Dersom du sjølv eller andre er uriktig innført eller utelatt frå manntalt, kan du krevje at feilen blir retta. Krav om retting gjeld ikkje flytting etter 30. juni 2025.

Send ei skriftleg begrunning til: Valgstyret i Vestnes kommuner, Brugata 10, 6390 Vestnes. 

Sametingsvalget - stemmerett og manntal

Saman med det ordinære manntalet, blir også samemantalet (oversikt over de som er registrert som samer) lagt ut til ettersyn. 

All informasjon om sametingsvalget finner du på sametinget.no