Informasjon til veljaren og krav om legitimasjon

Informasjon til veljar

Informasjon til veljar erstattar i 2025 veljar sitt valkort. Du vil motta informasjon om kor og når du kan stemme enten digitalt eller fysisk. Det inneber at du som veljar ikkje lenger mottek elektronisk valkort frå Valgdirektoratet. Du skal framleis ha med deg legitimasjon til vallokalet.

Dersom du er ny norsk statsborgar vil du motta brev med oppmoding til å bruke stemmeretten, samt praktisk informasjon om valet.

Du vil i tillegg motta ein SMS med påminning om valet fra Valgdirektoratet.

Dersom du har reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du få tilsendt informasjonen på papir. Det same gjeld dersom du ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjon i registeret dei siste 18 månadane.

Hugs legitimasjon

Når du skal avgi stemme er det viktig å ta med deg legitimasjon. Valloven seier at alle veljarar må legitimere seg for å få avgi stemme. Unntaket er kun dersom veljar er kjend for stemmemottakar.

Gyldig legitimasjon er for eksempel pass, bankkort med bilde, førerkort, førerkort på mobil og nasjonalt ID-kort.

Kravet er at legitimasjonen inneholder:

  • Navn
  • Fødselsdato
  • Tydelig bilde av deg