Valkort og legitimasjon

telefon med digitalt valkort - Klikk for stort bilete

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort, enten i papir eller digitalt. Valkortet blir utarbeidd på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.

Ta med valkortet når du skal stemme då forenklar du arbeidet for valfunksjonærane. Har du ikkje mottatt valkortet eller har mista det, kan du likevel møte opp i vallokalet for å stemme.

Valkort gjeld ikkje som legitimasjon. 

Kven får det digitale valkortet?

Alle med unnatak av følgjande veljarar får valkortet tilsendt til den digitale postkassa si, eller gjennom Altinn:

  • Dei som står oppført som reservert i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon
  • Dei som ikkje har oppdatert opplysingane i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon, eller stadfesta at opplysingane er korrekte, dei siste 18 månadene.

I stemmeprosessen blir det brukt digitalt valkort på same måte som det fysiske, ved at valfunksjonæren skannar valkortet eller les av informasjonen.

Slik brukar du det digitale valkortet

  • Opne SMS med lenke til valkortet og trykk på lenke
  • Logg deg på ID-porten
  • Trykk på fila til valkortet for å opne valkortet

Du kan lagre valkortet som bilde på telefonen din før du kjem til vallokalet. 

Legitimasjon

Hugs legitimasjon når du skal stemme!  

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme.

legimitasjon val - Klikk for stort bilete

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Unntak ved institusjon

Det finst berre ein unnataksparagraf når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle kvar veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Kontakt

Servicekontoret
E-post
Telefon 71 18 40 00
Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 92 02 79 39

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart