Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2023.

Skal du flytte?

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet?

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkja om innføring i manntalet.

Veljarar med strengt fortruleg adresse

Veljarar med strengt fortruleg adresse er ikkje innført i det ordinære manntalet kommunen har tilgang til, men kommunane får eit særskilt tilleggsmanntal med oversikt over personar med strengt fortruleg adresse. Veljarar det gjeld får eit eige brev frå Kripos om stemmegivinga.

Vil du sjekke om du er rett manntallsført?

Ta kontakt med kommunen din. Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg slik at du kan kontrollera eigne opplysningar og senda inn klage dersom det er feil i manntalet.

Søknad om innføring i manntalet

Dersom du har budd utanlands i meir enn 10 år, må du søke om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samtidig med du stemmer. Det same gjeld om du er norsk statsborgar, men har aldri vore folkeregistrert som busett i Noreg. Søknad finn du på kommunen si heimeside og du sender søknaden til den kommunen du sist var folkeregistrert som busett. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsett er norsk statsborgar.

Søknadsskjema for innføring i manntalet  (PDF, 120 kB)

Manntalet blir lagt ut ca 10. juli til offentleg ettersyn på følgjande stader:

  • Rådhuset
  • Vestnes bibliotek

Heile manntalet vil vere tilgjengeleg på desse stadane fram til valdagen.

Står du ikkje i manntalslistene eller er det andre feil i listene kan du krevje dette retta. Då må du sende skriftleg og begrunna klage til Valstyret i Vestnes, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Offentleg ettersyn av Sametinget sitt valmanntall

Sametinget sitt valmanntal skal leggjast ut til gjennomsyn, jf. forskrift om valg til Sametinget §8. Det er
anledning til å krevje retting av valmanntalet, jf. forskrift om valg til Sametinget §9. Krav om retting må sendast til Sametinget per. e-post samediggi@samediggi.no eller pr. post; Postboks 3, 9735 Kárášjohka-Karasjok. 

Sametinget sitt valmantall blir tilgjengeleg med det ordinære manntalet til Vestnes kommune. Les meir på Sametinget sitt valmanntal her. 

Kontakt

Servicekontoret
E-post
Telefon 71 18 40 00
Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 92 02 79 39

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart