Alle verksemder med over 50 tilsette skal ha eit arbeidsmiljøutval (AMU). Arbeidsgjevar og arbeidstakarane skal vere representert med like mange representantar. Utvalet skal arbeide for eit forsvarleg arbeidsmiljø og delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet i verksemda. Bedriftshelsetenesta og NAV arbeidslivssenter skal vere representert.
Arbeidsgjevar utpeiker sine representantar i AMU. Ein representant frå øvste leiing skal alltid vere med i utvalet. Arbeidstakarane sine representantar blir enten rekruttert gjennom fleirtalsval eller at lokale fagforeiningar utpeikar medlemmane. Representantane blir valt for to år av gangen. Leiaren blir valt for eitt år, arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida byttar på vervet.
Dersom ein representant frå arbeidsgjevar trer ut av stillinga si, peikar arbeidsgjevar ut nytt medlem. Om ein arbeidstakar i utvalet sluttar som tillitsvalg eller avsluttar tilsettingsforholdet skal medlemmet bli erstatta av tillitsvald frå samme fagforeining.
Medlemmane finn du her