Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet består av tre politisk valde medlemmar med varamedlemmar, og to representantar med vararepresentantar for dei tilsette. Til saman fem medlemmar. 

Kommunen sine medlemmar med varamedlemmar blir valde for den kommunale valperioden. Ordføraren skal vere eitt av medlemmane.

Utvalet sine oppgåver

  • Administrasjonsutvalet behandlar saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgivar og dei tilsette, jf. kommunelova § 5-11.
  • Administrasjonsutvalet behandlar og foreslår overordna retningsliner for kommunen sin personalpolitikk, jf. Hovudavtalen del B, § 4. 
  • Det løpande personalansvaret for den einskilde, inkludert tilsetjing, oppseiing, suspensjon, avskil og andre tenestlege reaksjonar, blir ivareteke av kommunedirektøren, jf. § 13-1 i kommunelova.

 

Medlemmane finn du her