Kommuneplanens arealdel handlar om korleis vi brukar og utviklar areala i kommunen, og byggjer på mål og strategiar frå samfunnsdelen. Planen skal ta vare på balansen mellom vekst og vern. Arealdelen er viktig for å sikre ei god og berekraftig utvikling som både gir plass til framtidige behov og tar omsyn til naturen og miljøet.
- Kva bør vernast?
- Kor – og kor mykje – skal det byggast ut?
- Kva skal områda brukast til?
Frist for å sende innspel var 31.mai 2025.