Kommuneplan for Vestnes kommune

Kommuneplanen skal føre Vestnes kommune trygt inn i framtida. 

Kort fortalt er kommuneplanen Vestnes kommune sitt viktigaste styringsverktøy. Den legg grunnlaget for alle val og prioriteringar dei neste tolv åra – politiske og administrative. Den seier også korleis vi skal jobbe for å nå måla våre. 

Målet med kommuneplanen er at du – uansett om du er innbyggar, næringsdrivande, politikar eller tilsett i kommunen – skal føle at Vestnes kommune er ein attraktivt stad.

Kommuneplanen er delt inn i ein samfunnsdel og ein arealdel.