Vil du vere med som frivillig på Ung sommar i Vestnes?

I Veke 26 arrangerer vi "Ung sommar i Vestnes". Dette er eit aktivitetstilbod for ungdom i alderen 13-18 år.

For å kunne gjennomføre dette på ein trygg måte, treng vi fleire frivillige. Du kan melde deg som frivillig til ein dag, fleire dagar eller heile veka. Kravet til deg er at du er over 18 år, og at du kan framvise gyldig politiattest. Dette søkes det om digitalt, og det kan vi hjelpe til med.  Vi treng både godt vaksne frivillige, og unge vaksne.

Som frivillig er du med ungdommane på tur – og har eit medansvar for å sikre at alt går trygt føre seg. Du får frukost og lunsj – samt ei oppleving på tur saman med kjekk ungdom.

Det er 5 dagar med aktivitet, og tidsramma kvar dag er frå 10.00 – 16.00 – med nokre få unntak. Oppstartsdag er måndag 27. juni – siste dag er fredag 1. juli.

Merk at vi treng frivillige som kan vere med heile dagen- og ikkje halve dagar, då vi er på reise mykje av tida.  

Om du vil vere med som frivillig send e-post til koordinator julie.eide@vestnes.kommune.no, og fortel kva dag/dagar du kan stille opp.

Resten av kontakten/informasjonen tar vi med deg på e-post/telefon.