Viktig søknadsfristar for jord- og skogbruk i 2026Landbrukskontoret minner om viktige søknadsfristar for jord- og skogbruk. Fastsette fristar gjer det enklare å prioritere midlar og sikre god dokumentasjon av behov gjennom året.Landbrukskontoret har laga ei liste over viktige søknadsfristar for jord- og skogbruk. Fleire av ordningane er begrensa av årlege overføringar og nokre gongar må me prioritere mellom tiltaka. For å vurdere søknadane samla har me difor sett faste fristar. Fristane gjer det også lettare å dokumentere reelle behov ved fylkesvise omfordelingsrunder gjennom året.Første frist: 15. mars Den første sentrale datoen for året er 15. mars. Då er det frist for å søkje om:Produksjonstilskot Tilskot til dreneringTilskot til skogsvegarMe oppmodar alle søkjarar om å vere ute i god tid for å sikre rask og effektiv sakshandsaming.Har du spørsmål?Dersom du treng hjelp, eller har spørsmål knytt til dei ulike ordningane, kan du ta kontakt med landbrukskontoret:Hilde Valved - skogAlexander Kenneth Connor - jordbrukOle Aksel Øveraas - jordbrukIngrid Skjegstad - sjukeavløysing Sist endra 03.03.2026 08.19