Vi sender no ut brev til jordeigarar om driveplikt og krav til jordleigeavtalar

Det er driveplikt på alt jordbruksareal i Noreg. Dersom du ikkje driv arealet sjølv og leiger det bort, skal det liggje føre ein skriftleg jordleigeavtale i samsvar med jordlova § 8 

Kvifor sendar vi brev om dette?

I Noreg har vi driveplikt for å sikre matproduksjon og ta vare på jordressursane. Dersom jordbruksareal blir leigd ut, stiller jordlova krav om skriftleg jordleigeavtale.

Kravet skal bidra til at areala blir haldne i drift, samtidig som det gir den som driv jorda trygge og langsiktige rammer.

Kva betyr dette for deg som eig jord?  

Dersom du leiger ut jord, må det liggje føre ein skriftleg jordleigeavtale for å oppfylle krava i jordlova.

Om du leiger ut jord og ikkje tidlegare har sendt inn jordleigeavtalen til kommunen, ber vi om at avtalen blir sendt inn.  

Dersom jorda blir driven av andre utan at det ligg føre ein jordleigeavtale, må partane inngå ein skriftleg avtale som blir sendt til kommunen.  

Avtalen skal føre til ei driftsmessig god løysing, og som hovudregel ha ei varigheit på 10 år. Kravet om jordleigeavtale gjeld også dersom jorda blir leigd ut gratis.

Praktisk informasjon og korleis du sendar inn avtalen til kommunen finn du i brevet frå oss.   

Kva betyr dette for deg som leiger jord?

Vi sender også brev til fleire som leiger jordbruksareal. Sjølv om det er jordeigar som har ansvaret for at driveplikta blir oppfylt, kan du som leigetakar bli kontakta av jordeigar for å oppdatere eller inngå ny jordleigeavtale.

Dette kravet gir deg som aktiv bonde ein fordel, du får ei langsiktige ramme og kan med tryggheit vite at du kan drive jorda over ein lengere periode.

Samtidig kan det avtalast kortare oppseiingstid for deg som leigetakar, til dømes eitt år. Dette gir nødvendig fleksibilitet dersom du i framtida ønskjer å trappe ned eller ikkje lenger har behov for leigejorda.

Har du spørsmål?

Du kan kontakte landbruksavdelinga:

  • Hilde Valved, skogansvarleg, tlf. 468 23 796, måndag til torsdag (ikkje torsdager i oktober)
  • Alexander Connor, jordansvarleg, tlf. 992 66 630, onsdag og fredag  
  • Ole Aksel Øveraas, rådgjevar landbruk, tlf. 482 85 019, onsdag