Vi inviterer til ny innbyggardialog med fokus på ungdomen!

Måndag 23. mars kl. 17:00 til 19:00 på Vestnes bibliotek. 

Innbyggardialogane er til for å styrke dialogen med innbyggarane, og denne gongen rettar vi særleg merksemda mot ungdom i Vestnes. Kvelden handlar om ungdomsmiljø, fritid og førebygging, og om korleis vi saman kan skape gode og trygge rammer for barn og unge i kommunen. 

– Vi ønskjer at ungdom skal få vere med og påverke. De veit best kva som fungerer, og de sit på erfaringar og perspektiv som er viktige for oss i det vidare arbeidet, seier kommunedirektør Audhild Mork.

Etter ei kort orientering, mellom anna frå ungdomsrådet, deler vi oss i grupper der alle får konkrete spørsmål å jobbe med. Innspela blir tekne med vidare i omstillingsarbeidet. 

Har du ein ungdom i hus? Kvifor ikkje ta dei med og gi dei ei moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen. Vi kan friste med både medverknad og gratis pizza. 

Tid og stad:

  • Måndag 23. mars
  • Kl. 17:00–19:00
  • Vestnes bibliotek
Plakat for innbyggerdialogen, tekst på plakat er gjengitt i teksten på nettsiden - Klikk for stort bilete