Vestnes sitt årlege politiråd

I går hadde Vestnes og Rauma sitt årlege felles politiråd.

Det er vekselsvis i Rauma og Vestnes, og denne gongen var Vestnes kommune vertskap. 

Eit politiråd er eit fast, strategisk møtepunkt mellom kommunen og politiet, der ein drøftar tryggleik, førebygging og lokale utfordringar. Politirådet skal bidra til eit tettare samarbeid og meir samordna innsats i det førebyggjande sporet.

Det var ekstra stas å få besøk av den nye politimeisteren i Møre og Romsdal, Elin Drønnen, som tok seg tid til å delta i møtet. Kommunane og politiet blir no einige om vidare prioriteringar og ser fram til å halde fram det gode samarbeidet gjennom året. 

Deltakarar frå Vestnes kommune, Rauma kommune og Møre og Romsdal politidistrikt under det årlege politirådet, bilete er tatt inne på Vestnes rådhus. - Klikk for stort bileteDeltakarar frå Vestnes kommune, Rauma kommune og Møre og Romsdal politidistrikt under det årlege politirådet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre på bilete: Yvonne Wold, ordførar i Rauma; Audhild Mork, kommunedirektør i Vestnes; Elin Drønnen, politimeister i Møre og Romsdal; Ragnhild Aas, politikontakt og tenestestadsleiar i Vestnes; Roar Mordal Hilde, politistasjonsjef i Vestnes og Rauma; Randi Berundhaugen, ordførar i Vestnes; Sindre Mittet, politikontakt i Rauma og Kirsti Johanne Welander, kommunedirektør i Rauma.