Vestnes kommune har behov for fleire utleigebustader til flyktningar

Vestnes kommune har behov for fleire utleigebustader til flyktningar. Om du har ein bustad tilgjengeleg, ønskjer vi å høyre frå deg.

Om du har ein bustad som kan vere aktuell å leige ut, ber vi deg nytte kontaktskjemaet nedanfor. Kontaktskjemaet er ikkje ein kontrakt eller bindande på nokon måte. Dersom bustaden kan vere aktuell å leige, tek vi kontakt med deg for vidare dialog.

Mange av flyktningane som kjem til Vestnes kommune er frå Ukraina. For å møte behovet for fleire bustader blir alle oppfordra til å delta i den nasjonale bustaddugnaden. Vi ønskjer at du brukar skjemaet på denne sida for å kontakte oss, men du kan lese meir på boligdugnaden.no for å sjå kva det inneberer å leige ut til flyktningar, og kva krav som stillast til bustaden. 

Har du bustad å leige ut for flyktningar?