Vestnes kommune er i ordinær drift frå torsdag

Kriseleiinga har beslutta at kommunen er tilbake i normal drift frå torsdag 1. februar. 

Dei offentlege skulane/SFO er tilbake i ordinær drift, det same gjeld kulturskule og vaksenopplæringa. Skuleskyss går som normalt. 

Kommunale dagtilbod/dagsenter er opne, det same gjeld alle kommunale fritidstilbod.

Kriseleiinga følgjer situasjonen tett og gjer fortløpande vurderingar. Det kan skje endringar på kort varsel dersom vermeldingane endrar seg.