Verdensdagen for psykisk helse

Verdensdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, som blir markert frå veke 39-42 kvart år. I år er det 30 år sidan Verdensdagen for psykisk helse vart oppretta som ein internasjonal FN-dag 10. oktober for å fremje medvit om psykisk helse over heile verda.

Dagen blir markert i meir enn 150 land, ofte for å skape merksemd om globale samfunnsutfordringar innan psykisk helse.

I Norge er Verdensdagen ein nasjonal befolkningskampanje som vert markert av kommunar, skular, arbeidsplassar, organisasjonar og enkeltpersonar frå heile landet mellom veke 39-42 kvart år. Mental Helse har koordinert kampanja sidan 1992 på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Ei nasjonal mobilisering for psykisk helse

Målet med den nasjonale kampanja er å auke befolkninga si kunnskap, forståing og vera open om kva som styrkjer og svekkar den psykiske helsa, og mobilisere til tiltak som styrkjer den psykiske folkehelsa.

Kampanja har vakse betydeleg dei siste åra, og i 2021 vart det satt rekord med meir enn 3100 markeringer registrert over heile landet. Denne måten å mobilisere til aktivitetar på tvers av kommunar, sektorar, kulturar, generasjonar og erfaringar er unikt for den norske markeringa av Verdensdagen for psykisk helse. Derfor har vi i Noreg hatt eigne nasjonale tema for dei årlege kampanjane, sjølv om nokon også vel å bruke det internasjonale temaet i si markering.

Tema 2022: Vi treng kvarandre. Løft blikket!

I årets kampanje oppfordrar vi til markeringar som skaper gode og meiningsfulle møter mellom forskjellege menneske. Einsemd og utanforskap er sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa. Ein av fem oppgjer at dei har få personar å rekne med ved personlege problemar, og kvar fjerde ungdom har ingen å snakke med når dei har det vanskeleg. For sårbare og marginaliserte grupper er utenforskapet endå større.

Vi har alle eit grunnleggjande behov for å høyre til og vere del av eit fellesskap. Forskning viser at meiningsfulle sosiale møteplassar er viktig for å byggje nettverk, oppleve meistring og forebyggje utanforskap. Tiltak som kan styrkje opplevinga av sosial støtte er helsefremmande og kan redusere førekomsten av både psykiske og fysiske plagar.

Verdensdagen oppfordrar derfor til markeringar med mangfold. Vi treng fleire arenaer og anledningar til å møtast på tvers av generasjonar, kulturar, meiningar og erfaringar. Det er med på å utvide vår forståing for kvarandre, og er eit viktig bidrag for å motvirke stigma, einsemd og utanforskap.

Vi treng kvarandre. #løftblikket 

Tema i år er utvikla etter innsikt frå dei som markerte i fjor, og brei involvering frå interne og eksterne fagmiljø. Temaet er del av ein treårig strategi kor fellesskap, inkludering og førebygging av einsemd og utanforskap vil vere overbyggjande tema.

Besøk Verdensdagen si nettside.

Ei anna satsing «Folkehelsekampanja mot forebygging av sjølvmord « startar 24. oktober, og rettar fokus på sjølvmordsforebygging i eiga verksemd. Kampanjen vil gå over fem veker, der kommuna vil legge ut materiell og snakke meir om aktuelle tema som einsemd og utanforskap, og om korleis vi alle kan bidra til å styrke Vi-kulturen gjennom å «løfte blikket og bry oss ».

I kampanjeperioda vert nettsida oppdatert kvar veke.

FØLG OSS!

Med helsing Psykisk helseteam