Verdensdagen for psykisk helse 10. oktober 2023

Denne dagen vil vi rette fokus på årets tema, som omhandler det å lage plass til fleire. 

Årets kampanje oppfordrar oss til å gjere møteplassane våre meir inkluderande, samt skape nye møteplassar. 

Sosial støtte kan redde liv, særleg i urolege tider. Vi har alle eit ansvar for å lage plass til fleire.

I fjor gjekk Verdensdagen for psykisk helse inn i ein ny treårig strategiperiode kor vi inviterte til felles innsats mot einsemd og utanforskap, som er sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa.

Dagen vert markert i bibliotekområdet i Vestnes, som stiller ut aktuell litteratur. 
Psykisk helseteam og Myra aktivitet vil ha tilsette tilstades frå kl. 09 -15. 
Stikk gjerne innom og slå av ein prat, kanskje gode idear kjem fram?

Sjå video: Vi trenger å høre til. Lag plass!

Vennleg helsing

Psykisk helseteam, Vestnes