Verdas overdosedag på Vestnes bibliotek

Måndag 31. august kl. 11.00-13.00 inviterer vi deg til markering av Verdas overdosedag på Vestnes bibliotek

På biblioteket kan du møte fagpersonar og aktørar som arbeider med rus, psykisk helse og pårørandestøtte. Her kan du få informasjon, stille spørsmål eller berre ta ein prat.

 Vi ønskjer alle velkomen til ei viktig markering, du treng ikkje vere direkte råka av overdoseproblematikk for å kome innom.

På biblioteket møter du:

  • Psykisk helseteam
  • Ambulansetenesta
  • KORUS Midt
  • Kyrkja
  • Representant for pårørandestrategien i Vestnes

Gjennom markeringa ønskjer vi å bidra til openheit, auka kunnskap og gode samtalar om eit viktig tema som angår mange.

Tid: Måndag 31. august kl. 11.00-13.00
Stad: Vestnes bibliotek

Plakat i samband med maerkeringa, informasjonen er gjengitt i teksten - Klikk for stort biletePlakat i samband med markeringa