Velkommen til innbyggardialog om beredskap Torsdag 10. september kl. 17.00–19.00 inviterer vi til ny innbyggardialog på Vestnes bibliotek. Kor godt forberedt er vi dersom uønska hendingar rammar Vestnes? Kva skjer når straumen og all elektronisk kommunikasjon blir borte, eller samfunnet av andre årsaker blir sett på prøve? Gjennom kvelden får du høyre korleis Vestnes kommune arbeider med beredskap, og kva du sjølv kan gjere for å vere betre forberedt når uventa hendingar eller kriser oppstår. Målet er å gi auka kunnskap om beredskap og kva rolle den enkelte har ved uventa hendingar.Bli med i samtalenSom på tidlegare innbyggardialogar blir det dialog rundt borda og høve til å dele innspel, erfaringar og perspektiv. Innspela tek vi med oss vidare i beredskapsarbeidet.Innbyggardialogen er open for alle!Tid og stadTorsdag 10. septemberKl. 17.00–19.00Vestnes bibliotekVel møtt!Plakat i samband med innbyggardialogen Sist endra 13.08.2026 10.23