Vårrydding og Ruskenaksjon

Det er tid for vårrydding og kommunen har fått førespurnadar angående felles ryddeaksjonar i bygdene. Vestnes kommune vil gjennom Attvin (tidlegare Arim) tilby henting av avfall som blir samla inn i fellesskap. Arrangør kan melde seg direkte til Attvin.

Slik melder ein seg på ordninga

  • Organisasjoner/lag/foreningar som skuler, grendelag og velforeningar kan ta kontakt med Attvin på epost for å avtale; post@attvin.no
  • Epost skal ha følgjande informasjon:
    • Arrangør (namn på skule/forening)
    • Namn på kontaktperson
    • Telefonnummer til kontaktperson
    • Kor langs renovasjonsruta vil avfallet bli plassert - nøyaktig adresse - (maksimum 5 meter frå veg der renovasjonsbilen køyrer)
    • Kva dag Attvin skal hente avfallet – OBS: Attvin hentar Rusken avfall kun dei vekene som det blir hentet restavfall i området NB! I Vestnes er det veke 17 og 19.
  • Dersom behov eller ønskje vil Attvin ta kontakt med den enkelte arrangør, i etterkant av bestilling.
  • Kommunene får faktura for kostnadane ved henting og avfallsbehandling i sin kommune.
  • Alt avfall skal leggjast i blanke sekkar. Større gjenstandar eller farleg avfall som ikkje kan gå til forbrenning kan vi ikkje ta med oss. Dette må arrangør sjølv levere til ein bemanna miljøstasjon.
  • Arrangør må sjølv sørge for søppelsekkar og hanskar.