Val av nytt ungdomsråd

Det skal veljast nytt ungdomsråd i Vestnes kommune.

Ungdom som er interesserte i å vere med og påverke det som skjer i lokalsamfunnet, er velkomne til å melde seg som kandidatar til det nye ungdomsrådet. Det skal veljast tre faste medlemmar og fem varamedlemmar.

Ungdomsrådet er ungdommane si stemme i kommunen. Medlemmane er valde for å representere ungdom og uttaler seg på vegner av alle ungdomar i saker som gjeld dei. Det kan vere mange ulike saker, for eksempel:

  • kultur- og fritidstilbod
  • skulesaker
  • helsetilbod
  • samferdsel og kollektivtilbod
  • miljøsaker
  • kommunens årsbudsjett og økonomiplan
  • arealplanlegging
  • kommuneplanar

Kven kan stille til val?

For å kunne stille til val må du gå i 9. klasse, 10. klasse eller på vidaregåande skule (VG1–VG3), og ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.

Meld di intresse

Høyres dette ut som noko for deg? Du kan melde interesse gjennom knappen under.

Meld di interesse

Frist for å melde interesse er 2. oktober 2026.

Alle som melder seg, vil bli inviterte til ein kort samtale på rådhuset med eit avtroppande medlem i ungdomsrådet og to ungdomskontaktar. Det er kommunestyret som formelt vel det nye ungdomsrådet.

Vil du vite meir?

Meir informasjon om ungdomsråd finn du i Bufdir sin rettleiar.

Du kan også sjå denne filmen (ca 5 min), som gir ei enkel innføring i kva det vil seie å vere medlem i eit ungdomsråd.

Plakat i samband med val av ungdomsråd, informasjonen er gjengitt i teksten - Klikk for stort biletePlakat i samband med val av ungdomsråd