Utvida ungdomsråd

I desember 2023 arrangerte ungdomsrådet eit utvida møte der 20 ungdommar frå 10. klasse og vidaregåande skule som ønskte å engasjere seg i ungdomsrådet sitt arbeid deltok.

Bilde av medvirkning i ungdomsrådet - Klikk for stort bilete

Ungdommane utførte ein “SWOT”-analyse. Dette er ein metode for medverknad der vi kan idémyldre rundt eit samfunnsaktuelt tema.  

S - Styrker  (frå engelsk strengths)
W - Svakheiter (frå engelsk weaknesses)
O - Moglegheiter (frå engelsk opportunities)
T - Truslar (frå engelsk threats)

Ungdommane er glade i kommunen sin, med vakker natur og mange fine møteplassar, også for ungdom. Dei meiner skulane må bli betre, dei må få nok faglærte lærarar og rett og nok utstyr til undervisninga. Det er viktig med mange og varierte tilbod og møteplassar for ungdom, og kollektivtilbodet må vere godt slik at all ungdom i kommunen kan nyte tilboda, uavhengig av kor i kommunen dei bur. 
Dei ser på fråflytting, rekruttering til læreryrket og helsesektoren som store utfordringar for framtida.  

Her er eit samandrag av innspela frå ungdommane:

Styrker ved Vestnes-samfunnet:

  • Ungdomsklubben SMUD 
  • Vi har vakker natur, flotte fjell og gode turmoglegheiter
  • Vi set stor pris på møteplassar som Alti, Stella Maris (biblioteket), og sjøfronten
  • Kulturskulen
  • Treningssenter
  • Greitt å få jobb
  • Innvandring med nye impulsar og arbeidskraft
  • Heim for ein femti-lapp

Svakheiter ved Vestnes-samfunnet:

  • Lang avstand til sentrum og dårleg busstilbod
  • Få tilbod for ungdom i bygdene
  • Mangel på ressursar i skulane. (lærarar, læreverk, utstyr og fysiske forhold som dårleg inneklima m.v.)
  • Mangel på helsesjukepleiar
  • Dårlege vegar
  • Dårleg utval av arbeidsplassar
  • Mest fokus på sentrum
  • Fyllekøyring

Moglegheiter for framtida:

  • Ny felles ungdomsskole kan også rekruttere fleire faglærte lærarar.
  • Involvere ungdommar i avgjersler 
  • Meir samarbeid mellom skule og arbeidsliv
  • Fleire aktivitetstilbod, også i bygdene
  • Fadderordning for flyktningar
  • Belyste gater
  • Fleire møteplassar
  • Betre kollektivtilbod 

Truslar:

  • Mange flyttar ut av kommunen
  • Ustødig økonomi 
  • Fleire eldre og stor mangel på arbeidskraft i helsesektoren
  • Utanforskap
  • Narkotika
  • Vanskeleg å rekruttere lærarar