Uttale frå Vestnes kommunestyre om Regjeringa sitt forslag til avvikling av vertskommunetilskotetI kommunestyremøtet 22. oktober vedtok Vestnes kommunestyre ei uttale til Regjeringa sitt forslag om avvikling av vertskommunetilskotet etter HVPU-reforma. Bakgrunnen for uttalen, er Regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett for 2027, der det blir foreslått å avvikle vertskommunetilskotet gradvis fram mot 2031. Vestnes kommunestyre reagerer sterkt på forslaget. Kommunestyret meiner forslaget inneber at vertskommunane vert ståande igjen med økonomiske forpliktingar som følgje av HVPU-reforma, utan at Staten tek sitt ansvar for kostnadene som framleis består.Kommunestyret peikar særleg på at vertskommunane har betydelege pensjonsforpliktingar som følgje av ansvaret dei tok då reforma blei gjennomført. Samtidig meiner kommunestyret at Regjeringa legg opp til ei langt raskare avvikling av tilskotet enn kommunane har fått signalisert.Vestnes kommune tok eit betydeleg samfunnsansvar då HVPU-reforma vart gjennomført i 1991. Mange av bebuarane ved Hellandheimen valde å bli buande i kommunen etter reforma, og Vestnes bygde opp tenester og kompetanse på vegne av fellesskapet.I uttalen understrekar kommunestyret at saka handlar om meir enn økonomi. Den handlar òg om tilliten mellom Stat og kommune, og om staten tek ansvar for dei forpliktingane som er gitt til kommunar som har utført viktige nasjonale oppgåver.Vestnes kommunestyre ber derfor regjeringa og Stortinget om:Å vidareføre vertskommunetilskotet til HVPU-kommunane.Å etablere ei eiga finansieringsordning for pensjonsforpliktingane som følgje av vertskommunerolla etter HVPU-reforma.Å sikre at vertskommunane ikkje må redusere ordinære velferdstenester som følgje av eit nasjonalt ansvar dei har teke på vegner av staten.Å invitere vertskommunane til reell dialog før endelege avgjerder blir fatta i statsbudsjettet for 2027.Du kan lese heile uttalen fra kommunestyret her Sist endra 29.10.2026 09:23