Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Ungdomsstipend for 2023 frå Vestnes ungdomsråd

Ungdomsstipend for 2023 frå Vestnes ungdomsråd

Vestnes Ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend à kr 2 500, som etter forslag eller søknad kan tildelast ungdom mellom 13 og 20 år som har utmerka seg i kategoriane song/ musikk, idrett og anna kulturkategori.

Forslag/søknad skal grunngjevast og sendast til: postmottak@vestnes.kommune.no seinast onsdag 7. juni 2023.
Ungdomsrådet deler ut stipenda i kommunestyremøtet den 15.06.2023.