Undersøking om bustader og bumiljø i Vestnes kommune

Vestnes kommune arbeider med ein strategisk bustadpolitisk plan og ønskjer innspel frå innbyggarane gjennom ei spørjeundersøking.

Den bustadpolitiske planen skal gi retning for korleis kommunen arbeider med bustader og bumiljø i åra framover. Målet er å få betre kunnskap om korleis innbyggarane opplever det å bu i Vestnes, kva behov som finst, og kva som er viktig for å skape attraktive og inkluderande bumiljø.

Svara frå undersøkinga vil bli brukte som innspel til planarbeidet saman med statistikk, analysar og annan relevant informasjon. Innspela vil bidra til å gi kommunen eit betre bilete av behov og erfaringar blant dei som bur i Vestnes i dag.

Svar på undersøkinga her

Svarfrist: 11. november 2026

Ein av fleire måtar å bidra på

Spørjeundersøkinga er ein del av arbeidet med å hente inn kunnskap og innspel til den bustadpolitiske planen. Vestnes kommune vil òg gjennomføre ein innbyggardialog der du kan dele erfaringar, synspunkt og idear om bustader og bumiljø i kommunen.

Innbyggardialogen blir arrangert 17. november kl. 17:00 på Vestnes bibliotek.

Personopplysningar og personvern

Undersøkinga er anonym. Svara blir behandla i tråd med personvernregelverket (GDPR) og vil berre bli brukt som grunnlag for arbeidet med den bopolitiske planen.