TV-aksjonen: For kvar dør du bankar på, vil fleire få hjelp

Bøsseberarane er dei ekte heltane i TV-aksjonen. Når du bankar på døra, vil fleire vere med og bidra.

Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen. Saman skal vi gi over 400 000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Vi treng framleis fleire bøsseberarar i Vestnes kommune. Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar og samlar inn pengar til TV-aksjonen. Folk kan vippse til 2133 eller gi kontantar.

Visste du at éi bøsse i snitt samlar inn heile 2300 kroner? Det betyr at kvar einaste bøsseberar gjer ein enorm forskjell. Ta med deg barna, barnebarna eller ein ven og gå årets viktigaste søndagstur 18. oktober. Det tek berre to timar.

Vi treng DEG som bøsseberar 18. oktober.

Meld deg som bøsseberar på TV-aksjonen.no