Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå krig og konflikt. Verda har aldri hatt så mange menneske på flukt som no. Midlane frå årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen som skal hjelpe over 400 000 menneske i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan med ein tryggare stad å bu og håp om ei betre framtid.
Slik bidreg Vestnes
I Vestnes blir det no mobilisert til innsats. Lokale lag og foreiningar, næringsliv, skular og frivillige blir oppmoda til å støtte opp om aksjonen. Kommunekomitéen i Vestnes for 2026 består av fungerande ordførar Bjørn Inge Olsen, Ingrid Skjegstad og Birgit Vollen.
– Årets TV-aksjon går til menneske som har flykta frå heimane sine på grunn av krig og konflikt. Ein trygg stad å bu er grunnlaget for mykje anna i livet. Det gir stabilitet i kvardagen og rom til å byggje opp att livet. Eg håper innbyggarane i Vestnes igjen viser det sterke engasjementet vi er kjent for, enten som bøsseberar eller givar, seier fungerande ordførar Bjørn Inge Olsen.
Fungerande ordførar Bjørn Inge Olsen
Rune Hagen
Den enklaste måten du kan engasjere deg i TV-aksjonen på, er å bruke to timar søndag 18. oktober til å gå med bøsse. For at alle husstandar i Vestnes skal få besøk av ein bøsseberar, treng vi rundt 90 frivillige.
– Nokre timar som bøsseberar er ein liten innsats for dei fleste av oss, men kan ha stor betydning for menneske som treng det aller mest, seier Ingrid Skjegstad og Birgit Vollen, lokale koordinatorar for TV-aksjonen.
Du kan melde deg som bøsseberar på tvaksjonen.no eller støtte aksjonen gjennom Vipps og innsamlingsaktivitetar i kommunen.
Komiteemedlemmar, f.v. Birgit Vollen og Ingrid SkjegstadOm NRC Flyktninghjelpen
NRC Flyktninghjelpen er ein norsk humanitær organisasjon som hjelper menneske på flukt i nokre av verdas største kriser. Organisasjonen gir naudhjelp og arbeider for å sikre rettane til menneske som er drivne på flukt av krig og konflikt. Gjennom TV-aksjonen 2026 skal NRC Flyktninghjelpen hjelpe menneske med tryggare og betre bustadforhold.