Den nye trafikktryggingsplanen skal vere kommunen sitt verktøy for eit meir målretta arbeid med trafikktrygging i åra som kjem. Planen skal bidra til tryggare ferdsel i kvardagen, både for dei som går, syklar og køyrer.
Eit grunnlag for framtidige prioriteringar
Arbeidet med trafikktryggingsplanen har gått over tid og bygger på både lokale erfaringar, faglege vurderingar og analysar av trafikk- og ulykkesdata.
Som ein del av arbeidet har elevar ved fleire av skulane i Vestnes delteke i Barnetråkk. Gjennom kartregistreringar har dei peikt ut område dei nyttar på veg til skulen og i fritida. På den måten har kommunen fått betre kunnskap om kva område barna opplever som trygge eller utrygge.
Våren 2025 gjennomførte kommunen også ein arbeidsverkstad med dei kommunale råda, der deltakarane kom med innspel til trafikktryggingstiltak og haldningsskapande arbeid. Arbeidet har også fått faglege innspel frå politiet og andre aktørar, i tillegg til innspel frå innbyggarane gjennom ei digital medverknadsrunde.
Kva peiker planen på?
Planen peiker på ei rekke tiltak som kan bidra til tryggare ferdsel i kommunen. Dette omfattar både fysiske tiltak, som betre belysning, tryggare kryssingspunkt og tiltak som reduserer konfliktar mellom gåande og biltrafikk.
Planen peiker også på at trafikktrygging handlar om meir enn den fysiske utforminga av vegane. Merksemd, fartstilpassing og trygg åtferd i trafikken er viktige faktorar for å førebygge ulykker. Derfor løftar planen fram både førebyggande og haldningsskapande tiltak, i tillegg til konkrete utbetringar av trafikkmiljøet.
Kva skjer vidare
Når trafikktryggingsplanen er ferdig utarbeidd, skal han til politisk behandling. Det er dei folkevalde som skal ta stilling til prioriteringar og legge rammene for det vidare trafikktryggingsarbeidet i kommunen.