Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Tilfluktsrom i Vestnes kommune

Tilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skadar på befolkninga som følgje av krigshandlingar.

Offentlege og private tilfluktsrom

Offentlege tilfluktsrom er bygde for å kunne gi vern for allmenta, ved at dei menneska som måtte vere i nærområdet, kan søkje vern i ein beredskapssituasjon. 

Sjå kart over offentlige tilfluktsrom registrert hos DSB 

Private tilfluktsrom er bygde og dimensjonerte for å kunne gi vern for dei menneska som normalt oppheld seg på eigedommen der tilfluktsrommet er. Dei er i privat eige.

Les meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret.no