Til deg som innbyggar i Vestnes kommune!

Har du fått SMS frå kommunen i dag? Då er du trekt ut i innbyggarundersøkinga om mangfald. 

Bilete som viser samarbeid mellom politisk og administrativ leiing - Klikk for stort bileteDet er einingsleiar ved EKI i samarbeid med kommuneleiinga som søkte om prosjektmidlar frå IMDi. Fv. Rune Håseth (konst. kommunedirektør), Mari N. Karadash (prosjektleiar Mangfald), Randi Bergundhaugen (ordførar) og Kathrin Furland (einingsleiar EKI) Vestnes kommune

Vestnes kommune er i gang med eit prosjekt som heiter Mangfald, der vår målsetting er at innbyggarane skal oppleve Vestnes kommune som ein stad for alle, der det er godt å bu. Prosjektet er forankra politisk og i administrasjonen. Vi er så heldige at vi har fått prosjektmidlar frå IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet). 

Innbyggarundersøkinga Mangfald i Vestnes kommune 2025

Vestnes kommune inviterer sine innbyggarar til undersøkinga om mangfald i januar 2025. Vi ønsker innsikt i kva du meiner er bra, og kva som er mindre bra, og som vi kan utvikle. Målet er at innbyggarane skal oppleve Vestnes kommune som ein stad for alle, der det er godt å bu.  Vi vil bruke resultata frå undersøkinga til å nærme oss dette målet.

Dei som blir trekt ut til å delta i undersøkinga vil i løpet av onsdag 15. januar og torsdag 16. januar motta ein SMS.  Avsendar av SMS`n er Vestnes. Det tek 5- 8 minutt å svare og du kan svare via mobilen.

Undersøkinga er anonym og alle resultat vil bli presentert som oppsummerte data, slik at svara dine ikkje kan bli knytt til deg. Undersøkinga blir gjennomført av meiningsmålingsinstituttet Verian på vegne av kommunen.  

NB! Vi vil aldri be deg om å oppgi konfidensiell informasjon, passord, BankID eller kredittkortnummer. 

Dine svar er viktige, og vi håper at du tek deg tid til å svare når du mottek SMS frå oss! 

Spørsmål

Viss du har spørsmål til undersøkinga kan du kontakte:

Resultatet frå prosjektet Mangfald vil bli presentert og bli brukt for å utvikle kommunen for innbyggarane.