Temaplanrullering for 2026Vestnes kommune startar no den årlege rulleringa av den kulturpolitiske temaplanen for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg. Temaplanen er eit viktig styringsdokument som gir ei samla oversikt over anlegg og tiltak som er meldt inn av lag, foreiningar, innbyggarar og kommunen sjølv, og som er aktuelle å utvikle dei kommande åra.For prosjekt som ønskjer å søkje om spelemidlar er det eit krav at dei står inne i temaplanen.Kven kan sende inn prosjekt?Alle som arbeider med aktivitet, kultur og anlegg kan sende inn forslag til prosjekt, til dømes:lag og foreiningarfrivillige gruppereinskildpersonarkommunale driftseiningarProsjekta kan vere nye anlegg, oppgraderingar, eller andre tiltak som styrkar deltaking, aktivitet og kulturtilbodet i kommunen. Slik melder du inn prosjektInnspel/melding om prosjekt sendast til: postmottak@vestnes.kommune.no Vestnes kommune registrerer relevante prosjektinnspel fram til fristen onsdag 14. oktober 2026.Meldinga bør inkludere ei kort prosjektskildring og kva tiltaket omfattar. Sist endra 07.04.2026 08.31