Sommarveka SMUD - gratis tilbod for ungdom

Bli med på ei heil veke med kjekke aktivitetar 22 - 26. juni.

Det er plass til 50 deltakarar. Påmelding skjer fortløpande til det er fullt. Du må være mellom 13–18 år (fødd 2008–2012) og bu i Vestnes for å ta del i sommerveka SMUD. 

Program:

  • Måndag: Moldebadet
  • Tysdag: Bowling i Molde 
  • Onsdag: Strandliv, kajakk og grilling i Kråkvika 
  • Torsdag: Skattejakt 
  • Fredag: Hangout og pizza på SMUD

Lunsj er inkludert kvar dag. Detaljert program blir sendt til dei påmelde. Det vil vere vaksne til stades heile veka.

Påmelding

Meld deg på Sommarveka

  • Frist for påmelding er 17. juni.
  • Du melder deg på for heile veka.

Spørsmål? 

Kontakt Julie Rypdal Eide, leiar på SMUD:

 

Arrangerast av Vestnes kommune ved SMUD og Vestnes frivilligsentral, i samarbeid med Tresfjord og Vestnes Røde Kors.