SMS-varsling for vassmålarar

For å effektivisere innsamling av vassmåleravlesningar jamfør regleverket tek kommunen i bruk SMS-varsling. 

Varsel vil bli sendt på SMS til din mobiltelefon i dei tilfella der kor vi har registrert ditt nummer eller ved at du har registrert deg i offentlege registre.

Varslingssystemet er integrert i fagsystemet for kommunale eigedomsgebyr som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold som er knytt til eigedommar i kommunen. Kommunen varsler eigarrepresentant og eller rekningsmottakar eller kontaktperson med tilknyting til eigedommen.

I samband med vassmåleravlesning har vi moglegheit til å overstyre utsending av SMS. Dvs vi vil for enkelte eigedommar kun sende ut avlesningskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesningskort der kor vi ikkje finn mobilnummer.

Ved feil

Dersom du mottek ein sms som du meiner er sendt til feil nummer, ber vi deg om ikkje å svare på denne. I tillegg må den som mottek ein feilsendt sms sjekke sine opplysninger i dei offentlige register og 1881.

Løsningen fungerer ikkje som ein innbyggerdialog. Det er ingen manuell oppfølging.

Kan vi nå deg?

Det finnes to ulike registre ein kan velgje å registrere seg i.  Du kan kontrollere om du allereie er registrert. I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjøre oppslag på 1881.no

  1.  www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I det felles nasjonale kontaktregisteret anbefaler vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendelser frå det offentlege vil foregå her i fremtida. Dette på lik linje med skattemeldinga som de kanskje er kjend med frå tidlegare.
  2.  www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister kun koblet opp mot Varsling24 og kommunens varslingssystem.

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersoner ved å gå inn på lenka www.varslemeg.no da telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentes frå andre kanaler.

Neste utsending på SMS

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytte det mobilnummeret du svara via, eller evt. det mobilnummeret du oppgir sammen med avlesninga på www.leseav.no, eller som du oppgir på svarslippen.

Har du spørsmål ta kontakt med oss på telefon 71 18 40 00 måndag - fredag, mellom kl 10:00 - 14:00.