"Røyksignal" - Innlekkasjesøk i spillvassystemet i Tomrefjord

Vestnes kommune har sett i gong arbeid med å lokalisere innlekkasje til dei kommunale spillvassleidningane.

I spillvatnet, som mange kjenne som «kloakk» – skal det berre vere vatn frå toalett, vask, dusj og sluk (innomhus).
Innlekkasjen kjem frå overvassystemet – vatn frå hustak, drenering og slukar på parkeringsplassar og veggrøfter.

For å lokalisere slike feilkoblingar vert det motstraums blåst ufarleg røyk inn i spillvasshovudleidningar. Feilkoblingar vil då vise seg ved at røyk kjem opp gjennom slukar ute, eller ut av takrenner. Tekniske tenester vil naturlegvis ha folk ute i område for å leite etter slike «røyksignal», men meld gjerne frå dersom du oppdagar slike «røyksignal».

I første omgang vil dette gjelde i Tomrefjord i området Fonnavegen. Alle husstandar som er berørte av arbeidet er varsla via SMS-melding.

Arbeidet vil pågå frå tysdag 18. oktober og i ca 2 veker.

Tekniske tenester
Azim Ahmadi, tlf 903 63 894