Rask psykisk helsehjelp – nytt tilbod i Vestnes kommune

Vestnes Kommune etablerer no tilbodet Rask psykisk helsehjelp (RPH), med planlagd oppstart i januar 2027.

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod for personar over 16 år som opplever milde til moderate psykiske plager eller utfordringar i kvardagen. 

Tilbodet kan vere aktuelt ved mellom anna:

  •  angst og uro
  • nedstemtheit
  • stress og belastningar
  • søvnvanskar
  • utfordringar knytt til meistring i kvardagen

Målet er å gi hjelp tidleg, slik at fleire kan oppleve betring og auka meistring.

Tilbodet byggjer på kognitiv terapi og vil kunne bestå av:

  • kurs og grupper
  • digitale sjølvhjelpsverktøy
  • rettleiia sjølvhjelp
  • individuelle samtalar ved behov

Det vil ikkje vere nødvendig med tilvising frå lege. Tilbodet er gratis og av kort varigheit.

Tilsette som skal drive tilbodet er no i sluttfasen av utdanning innan Rask psykisk helsehjelp. Kommunen arbeider samtidig med å utvikle og tilpasse tilbodet fram mot oppstart.

Meir informasjon om oppstart, kontaktinformasjon og korleis ein kan søkje hjelp vil bli publisert i november/desember 2026.

Teamet tilbyr ikkje akutt psykisk helsehjelp. Ved akutte situasjonar må du ta kontakt med legevakta på tlf: 116 117 eller fastlegen din.